Til Asia! Til Østen! Til Musikken!

Shin Jung HyunOioioi! Vanlegvis plar eg å grave nasen langt og lenger enn langt ned i norsk musikk eller i amerikansk populærmusikk frå den herlige æraen som vi hadde for nokre tiår sidan, men i dag; i dag! Då er det Asia som står for tur og eg skal rett og slett kun gje deg ei låt fordi den er så inn i helsike bra. Dagens mann, dagens perle, dagens godtepose kjem frå Korea og går under namnet Shin Jung Hyun. Denne mannen spelte for den amerikanske hær så tidleg som i 1957 og han imponerte såpass at han fekk spelt inn ein langspelar, ein Long Player. Men det var ikkje før seint på 60-talet at han verkeleg byrja å lage god musikk saman med The Men.

Her kjem Shin Jung Hyun & the Men med Korean A2: