Oioioi! Vanlegvis plar eg å grave nasen langt og lenger enn langt ned i norsk musikk eller i amerikansk populærmusikk frå den herlige æraen som vi hadde for nokre tiår sidan, men i dag; i dag! Då er det Asia som står for tur og eg skal rett og slett kun gje deg ei låt fordi den er så inn i helsike bra. Dagens mann, dagens perle, dagens godtepose kjem frå Korea og går under namnet Shin Jung Hyun. Denne mannen spelte for den amerikanske hær så tidleg som i 1957 og han imponerte såpass at han fekk spelt inn ein langspelar, ein Long Player. Men det var ikkje før seint på 60-talet at han verkeleg byrja å lage god musikk saman med The Men.
Ein av dei mest uhyggjelege startane på eit album, nokre få låge tonar frå noko som høyrest ut som eit pipeorgel, før det blir stille att og så kjem plutselig eit fyrverkeri i gong. Hylande saksofonar, vrengde gitarar, intrikat trommespel og eit fantastisk riff. “In the Court of the Crimson King” har nettopp sett i gang med songen “21st Century Schizoid Man” og ut av høgtalarane er det no sikra godlyd i nesten tre kvarter.
I juni 1967 kan ein finne nokre av dei første spora etter den progressive rocken. The Fab Four hadde nettopp gjeve ut “Sgt. Peppers Lonely Hearts Club Band”, eit album som verkeleg har ljoma høgt i musikkverda i ettertida og det var nettopp i England at progrocken skulle stadfeste seg. Noko av den britiske psykedeliaen var på veg mot progressive element mot slutten av 1967 og band som Procol Harum, Moody Blues og ikkje minst Nice viste sterke tendensar til denne nye musikkforma. Men det første verkelege progressive albumet kom ikkje før i 1969 av King Crimson. Ein kvintett (inklusiv tekstforfattar) som ikkje hadde vore kjende før dei i juli 1969 debuterte som oppvarmingsband for Rolling Stones i Hyde Park i London med over 650 000 oppmøtte tilskodarar. Ikkje verst konsertdebut for eit band! Etter dette gjekk dei i studio og tok opp ” In the Court of the Crimson King ” som kom ut i oktober. Månaden etter hadde dette albumet solgt seg til femte plass på dei engelske listene. Synd var det då at akkurat i det dei var på sitt mest populære og mest kreative, så vart det originale King Crimson oppløyst. Robert Fripp heldt fram under namnet King Crimson med nye bandmedlemmar, men musikalsk sett vart det aldri heilt det same som på dette legendariske albumet frå 1969.
Det første som møter deg når du ser denne plata er sjølvsagt coveret. Ei dramatisk teikning av eit andlet som ikkje akkurat er så vakkert og det gjev ei kjensle av at det kanskje ikkje er noko ein vil høyre på, men studerar ein coveret og ser det fleire gongar, så likar ein det betre og betre. Dette stadfestar vel at ikkje alt er som det ser ut til. For inne i coveret ligg ein godbit og ventar.
Utdrag av “21st Century Schizoid Man“:
“In the Court of the Crimson King” både byrjar og sluttar med dramatiske songar med mykje lyd. Songane er teknisk krevjande og komplekst oppbygde, eit kjenneteikn for progressiv rock. Men det vert aldri noko briljering. Alt er godt planta i særs god musikalitet. Åpningslåta ” 21st Century Schizoid Man” er ei av tidenes songar og klokkar inn på omlag sju og eit halvt minutt. Den startar som skildra i byrjinga her og held fram med at vokalist Greg Lake syng teksta skrive av Peter Sinfield. Stemma hass er vrengd til den er på grensa av kor mykje den kan vrengast før teksta forsvinn i vreng. Og som i siste låt på albumet roar låta seg litt ned til versa han syng. Etter nokre vers kjem eit hektisk middelparti dominert av saksofon og tromming før ein gitarsolo synkront med ein bassolo fører til eit rytmisk parti der Micheal Giles får vist kor viktig han er som trommeslagar i King Crimson. Så tilbake til det hektiske saksofon/tromme partiet før temaet frå den mektige starten returnerer. Låta avsluttast med ein slags frijazzfreakout medan blodet pumpar i kroppen din som om du har vore med på utblåsningane på slutten. Det er noko spesielt med ” 21st Century Schizoid Man” som gjer at ein, på same måten som eit fantastisk måleri kan fange merksemda til auget, opnar øyrene og lyttar. Og på dette albumet er det vanskeleg å slutte å vere merksam på kva som foregår.
King Crimson anno 1969: F.v. Ian McDonald, Michael Giles, Peter Sinfield, Greg Lake og Robert Fripp
I oktober 1969 var King Crimson Robert Fripp på gitar, Greg Lake på bass og hovudvokal, Ian McDonald på saksofon og andre blåseinstrument, keyboard, mellotron og vokal, Michael Giles på trommer, perkusjon og vokal og Peter Sinfield som sto for tekstane og lyssetting på konsertar. Det er mange som har tenkt at dersom dei ikkje hadde splitta lag, så hadde dei laga særs mykje god musikk saman, men det er nærast alltid gode grunnar for å løyse opp eit band og band som ikkje fungerar saman lagar skjeldan god musikk, så kanskje det var til det beste. Når det er sagt, så er albumet “In the Court of the Crimson King” så bra at King Crimson kanskje kunne ha blitt unntaket som stadfestar regelen.
Det var stort sett Fripp og McDonald som sto for musikken i King Crimson med trommis Michael Giles som sydde deira idear saman. Eg trur Giles hadde ei viktig rolle for å skape eit album som blei så heilheitleg som det blei. Med sitt melodiske trommespel og ei nærast jazza tilnærming til musikken, så høver han godt til både dei meir valdsame songane og ikkje minst til dei rolege songane “I Talk To the Wind” og “Epitaph”. Dessutan er det noko varsamt og særs behageleg med lyden frå trommesettet hass som eg aldri har høyrt andre stader. Han utnyttar dei ulike lydane kvar tromme kan ha og passar inn tromminga si til kvar einskild song. Peter Sinfield har skrive alle tekstane på albumet, men han er ikkje sjølv med på å lage lyd på plata. Godt er det iallfall at han har stått for tekstane, då dei er svært gode. Det kan óg seiast at Greg Lake ikkje var nokon særleg stor poet heller, noko han tidvis viste på dei tidlege platene med Emerson, Lake and Palmer, så det var bra med ein tekstforfattar.
Utdrag av “I Talk To the Wind “:
“I Talk To the Wind” er ei nydeleg, roleg låt som byrjar med ei av dei finaste tekstlinjene eg kjenner til:
“Said the straight man to the late man
Where have you been
I’ve been here and I’ve been there
And I’ve been in between.”
og held fram med eit like godt refreng:
“I talk to the wind
My words are all carried away
I talk to the wind
The wind does not hear
The wind cannot hear.”
Lake syng vart og vakkert med McDonald sitt nydelege fløytespel og Fripp sin runde gitarlyd med nesten jazzakkordar i bakgrunnen. Det er berre denne og siste låt på albumet som kun er musikalsk kreditert til Mcdonald. Resten av materialet har alle sine namn på.
Utdrag av “Epitaph”:
Plata held fram med “Epitaph” som er ei storslått, symfonisk låt som verken blir for grandios eller pompøs. Mellotron er eit viktig instrument på låta, og eigentleg på heile plata, i tillegg til akustisk og elektrisk gitar. Trommespelet er også særs tilstadeværande, til dømes med mektige timpanivirvlar. Teksta er dramatisk og handlar om at trua på det religiøse held på å slå sprekker og at kunnskapen er årsaka til dette. Songen byggjer seg opp, tek eit lite vendepunkt (”March For No Reason”) før den kjem tilbake til hovudtemaet i songen og byggjer seg endå meir opp for så å fade ut og side A på LP’en er ferdig. Ei særs fungerande rekkjefølge av songar på denne sida. Først høgt, så roleg og vart før det avsluttar storslått.
I det ein snur plata for å høyre neste side innser ein plutseleg at produksjonen av plata er av høg kvalitet. Det er bandet sjølv som har produsert den og dei har gjeve merksemd til alle innstrumenta. I lydbiletet høyrer vi dei varmaste trommene i manns minne med særs presis lyd, gitaren er ikkje for framtrengande eller langt bak, men ligg akkurat der den bør ligge. Bassen får fritt spelerom i dei lågare frekvensane slik at bass, tromme og gitar ikkje kjempar om plass i lyden. Og i tillegg har vokalen den varme lyden som høver særs godt til denne plata. At det høyrest så bra ut som det gjer og at det med tanke på dette snart er førti år sidan, så skjønar eg ikkje alltid at dei hadde utstyret som trengtest for å få til dette. Hadde fleire album som vert laga i dag hatt den varme lyden ein finn på ” In the Court of the Crimson King”, så hadde verda vore ein betre plass.
Utdrag av “Moonchild”:
Side B startar med albumet si andre rolege låt “Moonchild “. Igjen gjev Sinfield tekster som verkeleg appelerar til den estetiske sansen. Den opnar med ein gitarlyd i bakgrunnen med tynn vreng og mykje klang, (nesten slik lyd ein i dag får av eBow) så kjem enkel klimpring av gitar før Lake startar å synge. Under vegs i låta hører ein detaljar av vibrafon og fløytespel av McDonald. Så etter litt under tre minutt går låta over i ” The Dream” eit langt parti med fri, lågmælt improvisasjon. Om ikkje tidlegare delar av plata har gitt tankar om at King Crimson må ha høyrt mykje på jazz, så kjem iallfall desse tankane under dette partiet. ” Moonchild” avsluttar så med partiet “The Illusion” som er eit kort, harmonisk, enkelt og melodiøst lite stykke for å få låta i hamn.
Utdrag av “In the Court of the Crimson King”:
Så kjem tittelsporet, “The Court of the Crimson King”. Den byrjar med trommene som slår inn den høglytte mellotronen og akustisk gitar. Ei valdsam opning før det roar seg ned til vokalen kjem inn. Etter eit vers vert det høglytt og storslått igjen, no med kor og piano i tillegg før nok eit roleg vers. Endå ein storslått passasje før låta går over i ein ny liten del som skiljer ei fjerde storslått passasje som endar i det tredje rolege verset. Det er vakkert og stort samstundes. Etter dette følgjer ein fløytesolo som så går over i det fjerde og siste verset. Låta held så fram med det storslåtte temaet heilt til vi får ein falsk slutt, men det stoggar ikkje heilt. Sakte, men sikkert, via lett cymbalspel, leikande og snikande pipeorgelspel og til slutt ein trommebreak tek låta lyttaren tilbake til det storslagne der ein blir halden heilt til det avsluttar med eit klimaks av lydar og King Crimson har gjort sitt beste for å forføre deg.
Det er nok ikkje ei plate alle blir forført av, men om ein er interessert og glad i progressiv musikk skal det mykje til om ein ikkje blir det. Dessutan er plata så variert at eg har vanskeleg for å tru at nokon ikkje skulle finne noko ved denne plata som dei likar. King Crimson sette standarden skyhøgt i 1969 med eit av dei første verkelege progrockalbuma og få, om nokon i det heile, har greidd å nå opp til denne standarden. Difor oppmodar eg på det sterkaste om at dersom du endå ikkje har brukt 45 minutt av ditt liv til høyre denne plata, så tek du deg tid til det snarast mogleg. Såpass skuldar du deg sjølv.
Tracklist:
1. 21ST CENTURY SCHIZOID MAN including MIRRORS
2. I TALK TO THE WIND
3. EPITAPH including MARCH FOR NO REASON and TOMORROW AND TOMORROW
4. MOONCHILD including THE DREAM and THE ILLUSION
5. THE COURT OF THE CRIMSON KING including THE RETURN OF THE FIRE WITCH and DANCE OF THE PUPPETS
God kveld i stua godtfolk. Exploreres Radio sender nå et opptak med Ronny Rivera aka Tiki Terje aka Waikiki Vegard fra en opptreden i the explorers record club. Det er meget mulig at Ronny aka etc vil opptre også senere, og det er i den forbindelse fritt fram for alle å komme med ønsker om låter som dette virtuose orgel fantomet skal framføre. Bare legg inn en melding på komentarplass, og kanskje blir det nettopp din yndlingssang du får oppleve med autokomp fra Technics overlegne hjemmeorgelteknologi.